Hopp til innhald

Susannah Maria Cibber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Susannah Maria Cibber

Føddfebruar 1714
FødestadCovent Garden
Død30. januar 1766
DødsstadLondon
Verka somskodespelar, operasongar
FarThomas Arne
EktefelleTheophilus Cibber

Susannah Maria Cibber (fødd Arne, 1. februar 171430. januar 1766)[1] var ein kjend engelsk songar og skodespelar. Ho var syster av komponisten Thomas Arne. Medan ho byrja karrieren som sopran, blei røysta hennar lågare tidleg i karrieren, og ho blei etterkvart altsongar. Ho blei universelt beundra for evne si til å røra publikum kjenslemessig både som skodespelar og songar. Cibber blei særleg beundra av Handel, som skreiv ei rekkje stykke spesielt for henne, mellom anna alt-ariane i oratoriet Messiah frå 1741, rolla som Micah i Samson, rolla som Lichas i Hercules og rolla som David i Saul. På midten av 1730-talet byrja ho å opptre i skodespel i tillegg til å ta del i operaer og oratorium. Ho blei den største dramatiske skodespelarinna på London-scena på 1700-talet, og då ho døydde var ho den best betalte skodespelarinna i England.

Susannah Maria Arne var fødd ved Covent Garden i London som barn av Thomas og Anne Arne. Faren og bestefar hennar verka innan møbel- og interiørindustrien som medlemmar av Worshipful Company of Upholders. Som barn studerte ho song i lag med broren Thomas, som seinare skulle bli ein av dei viktigaste komponistane i samtida og ein viktig del av Cibber sin karriere som songar. Ein annan bror, Richard, verka også som songar og skodespelar, men fekk aldri så stor suksess som syskena sine.

Karriere, ekteskap og skandale

[endre | endre wikiteksten]
Mrs. Cibber as Cordelia av Pieter van Bleeck frå kring 1755.

13. mars 1732 debuterte ho på scena ved Little Theatre, i tittelrolla i John Frederick Lampe sin produksjon av operaen Amelia, opphavleg av Henry Carey. Ho fekk positive meldingar. Dei følgjande to åra hadde ho roller i Acis and Galatea av Handel, og i broren sine Rosamund, The Opera of Operas og Dido and Aeneas.

1733 blei eit viktig år for Susannah. Ho møtte Handel under prøvar og framføringar som Jael i den opphavlege oppsetjinga av oratoriet hans Deborah. Dette var byrjinga på eit nært, livslangt vennskap mellom dei.[2] Handel lærte henne songen note etter note, ettersom ho ikkje kunne lesa noter sjølv.[3] Dette året stod også namnet hennar på plakatar som tilbaud framsyningar ved Haymarket med entr'acte-songar «by popular demand», og desse blei særs populære. I teatersesongen 1733–1744 blei skodespelaren Theophilus Cibber og teaterselskapet hans introdusert for den unge Susannah.

Portrett av Theophilus Cibber i rolla som Ancient Pistol, ein figur som opptrer i fleire av skodespela til Shakespeare.

I april 1734 gifta Susannah seg med Theophilus Cibber, «mykje imot si eiga tilbøyelegheit»[a] ifølgje ein biograf.[1] Han var son av dramatikaren, teaterdirektøren og poet laureaten Colley Cibber, som hadde skodespelarkompaniet sitt i Drury Lane på denne tida. Ekteskapet tente karrieren til Susannah og stillinga hennar i teaterverda i London. Ho opptredde no under namnet «Mrs Cibber». Svigerfaren hennar merka seg at Susannah hadde eit talent for å kunna bli ein stor tragisk skodespelar, og gav henne timevis med opplæring og lærte henne nyttige vokalteknikkar og tragiske gestar.[4] Som medlem av det kjende Cibber-dynastiet fekk ho også merksemd og fekk fleire viktige roller. Bror hennar Thomas fekk også nytte frå ekteskapet. Han blei huskomponist i Drury Lane, og skreiv musikk for ei rekkje skodespel og pantomimar i åra som følgde.

I 1736 hadde Cibber debuten sin som dramatisk skodespelar i tittelrolla i Zara av Aaron Hill, med stor suksess. Etter dette hadde ho fleire Shakespeare-roller som fekk kritisk suksess, og fortsette seinare å spela desse med David Garrick. I 1737 hadde ho ein mykje omtalt krangel med Kitty Clive om rolla som Polly i The Beggar's Opera, noko som inspirerte ein satire, The Beggar's Pantomime, or The Contending Columbine. Året etter spelte Cibber rolla som David i urframføringa av Handel sitt oratorium Saul. Ho opptredde også i urframføringa av broren sin sitt særs populære maskespel Comus.

Ekteskapet til Cibber var ikkje lukkeleg. Ektemannen hennar skal ha vore mishandlande og sløsete, og byrja til og med å selja nokre av kleda og dei personlege eigedelane til kona for å halda unna kreditorar, sjølv om han også bidrog til å betra skodespelet hennar. For å betala husleige tok paret inn ein velståande leigebuar, William Sloper (som seinare blei parlamentsmedlem for Great Bedwyn).[5] Forholdet som følgde mellom desse tre førte til ein berykta rettssak i 1738 der herr Cibber skulda Sloper for «Assaulting, Ravishing and Carnally Knowing» kona hans.[6] Ulike versjonar av skandalen antydar at alle tre kan ha vore involverte i eit trekantforhold. Ei historie seier at Cibber tvang kona si med våpen til å ligga med Sloper; ei anna seier det var ein spion i eit skap på staden for å samla vitnesbyrd til søksmålet. Uansett enda det med at Cibber blei tildelt ein liten sum på 10 pund i erstatning. Året etter anla Cibber ny sak mot Sloper for å ha «fengsla» kona. I røynda hadde fru Cibber og Sloper drege bort saman, og fekk ei dotter i lag, Susannah Maria (Molly). Denne gongen blei Cibber tilkjent 500 pund. Intensjonen til Cibber, med å gå til søksmål mot den fråseparerte kona si og den nye elskaren hennar, var å påføra Susannah skam som ei dårleg, utru kone. Sidan ho var gravid då rettssaka fann stad, endra ho den offentlege oppfatninga av seg sjølv til å vera ei uskyldig kvinne som var eit offer for den mannlege vondskapen og grådigheita til Cibber.[7]

I 1740 song Mrs Cibber i urpremieren av broren si masque Alfred. Ho flytta til Dublin, og hadde hausten 1741 ein travel sesong ved Aungier Street Theatre i lag med den gode vennen og mentoren sin, skodespelaren James Quinn. Handel møtte henne der, og ho opptredde i fleire konsertar med han, mellom anna i oppføringar av Acis and Galatea, Esther og Alexander's Feast. Ho tok også del i premieren på Handels Messiah den 13. april 1742, der ho song altsoloar. Ifølgje soga skal dr. Patrick Delany, chancellor ved St Patrick's Cathedral, ha erklært då han høyrte henne synga «He was despised»: «Woman, for this be all thy sins forgiven thee!» 21. og 28. juli song ho ein duokonsert med svigersyster si, sopranen Cecilia Arne (fødd Young). Pressa i Dublin var full av lovprisingar for Cibber, både for skodespelet og songen hennar.

Tilbake til London

[endre | endre wikiteksten]
David Garrick and Mrs Susannah Maria Cibber as Jaffier and Belvidera in Thomas Otway’s Play ‘Venice Preserved’. Måleri av Johann Zoffany mellom 1762 og 1763.

Etterkvart døydde skandalen kring Cibber ned, og ho vende tilbake til London-scena hausten 1742. Den fyrste rolla hennar etter at ho vende tilbake var Desdemona frå Othello. Den tragiske naturen til denne figuren styrka allmugen sitt syn på henne som ei 'foruretta kone', ei rolle ho nytta etter det veldokumenterte samanbrotet av ekteskapet hennar. Etterpå la ho til fleire tragiske roller til repertoaret.

Heimen hennar i London blei ein slags salong på sundagskveldar. Burney skreiv om desse kveldane at han fann seg sjølv «i ei samanstilling av vitt, diktarar, skodespelarar og lærde»,[b] med gjester som Handel, Garrick og Arne. Ho blei også engasjert av Handel for oratoriesongen hans, og skapte rolla som Micah i Samson. Ho fortsette å synga for Handel i 1744–1745, no ved King's Theatre i The Haymarket.[8] Rollene hennar omfatta Jael i Deborah, Lichas i Hercules og David i Saul, og ho song i oratoria L'Allegro, Alexander's Feast og Messiah. Handel skreiv også rolla som Daniel i Belshazzar for henne, men på grunn av sjukdom song ho ikkje denne rolla.

I 1744 blei Susannah hovudrolleskodespelarinne for David Garrick ved Drury Lane, teateret styrt av svigerfaren hennar. Partnarskapen og vennskapen deira varte ved ut livet hennar, noko som går att i brev. Garrick regisserte Susannah, i lag med skodespelaren Spranger Barry, i si fortolking av Shakespeare sitt Romeo and Juliet som hadde stor suksess. Garrick sin versjon blei godt motteken av publikummet i samtida, ettersom han tok ut mange «uhøvelege» augneblikk, og utvida den tragiske gravscena mellom Romeo og Juliet med ein siste samtale mellom kjærasteparet etter at Romeo har teke gift. Etter ein kort krangel mellom Garrick og Mrs. Cibber, tok ho og Barry sin versjon av Romeo and Juliet til Garrick sin rival, John Rich, i Covent Garden. Dette gjorde at Garrick tok hovudrolla sjølv med den unge skodespelarinna George Anne Bellamy som motspelar i ei rivaliserande utgåve av stykket, framført tvers over gata i Drury Lane samstundes som versjonen til Cibber og Barry. Over tolv kveldar, frå 28. september 1750, blei det spelt rivaliserande versjonar av Romeo and Juliet i London, til glede for publikum. Begge stykka fekk mykje omtale, og publikum såg ofte begge versjonane for å kunna seia sjølv kven som var det beste paret.[9] Cibber blei sjuk den trettande kvelden, slik at kivinga mellom dei to stykka enda. Til slutt blei ho og Garrick vener att, og ho vendte tilbake til Drury Lane i 1753.

Frå 1744 til 1765 la ho fleire dramatiske roller til repertoaret sitt, og var, etter Garrick, den høgast betalte skodespelaren i London. Samtidige meldingar, dedikasjonar, brev og dikt har alle referansar til evna hennar til å påverka tilhøyraren djupt. På denne tida blei også Susannah den viktigaste omsorgspersonen og læraren for den unge nevøen sin, Michael Arne. Mora til guten, Cecilia Arne, leid av gjentakande helseproblem, og dette, i lag med det travle livet til faren Thomas Arne, gjorde det umogleg for foreldra å ta hand om han. Med rettleiing frå Susannah byrja Michael som skodespelar ved Drury Lane før han var ti. Han følgde seinare i fotspora til faren og blei ein suksessrik komponist.[10]

Ei kjelde seier at Cibber hadde ein son og ei dotter, som begge døydde i ung alder, med William Sloper.[5]

Susannah døydde i 1766 og blei gravlagd i den nordre krossgangen av Westminster Abbey. Dagen ho døydde stengde både Covent Garden og Drury Lane dørene sine for å heidra ein av dei høgast verdsette skodespelarane og songarane sine. Då Garrick høyrde at ho var død, sa han: «Då døyr tragedien med henne.»[c]

Diktaren George Keate skreiv same året «A Poem to the Memory of the Celebrated Mrs Cibber»:[11]

... Closed are those eyes which knew each varied art,
And could my meaning with such force inspire;
Call tears of pity from the melting heart,
Freeze with wild horror, or with rapture fire! ...

  1. very much against her inclination
  2. "in a constellation of wits, poets, actors, and men of letters"
  3. "Then tragedy dies with her".
  1. 1,0 1,1 Susannah Maria Cibber i Dictionary of National Biography, 1885-1900
  2. Handel's Associates Arkivert 24. juli 2008 ved Wayback Machine., Handel House Museum, London. Accessed 27 April 2008
  3. Susannah Cibber Arkivert 1. mai 2008 ved Wayback Machine., National Museum of the Performing Arts (UK). Accessed 27 April 2008
  4. Brooks, Helen E. M. (11. mai 2011). «Negotiating Marriage and Professional Autonomy in the Careers of Eighteenth-Century Actresses». Eighteenth-Century Life (på engelsk) 35 (2): 39–75. ISSN 1086-3192. doi:10.1215/00982601-1214090. 
  5. 5,0 5,1 Lea, R. S. «SLOPER, William (1709-89), of West Woodhay, Berks.». History of Parliament Online. Henta 2 September 2022. 
  6. An Account of the life of that celebrated actress, Mrs. Susannah Maria Cibber ... London: London, Reader. 1887. s. 25. 
  7. McGirr, Elaine M. (2018). «"What's in a name?": Romeo and Juliet and the Cibber Brand». Shakespeare (på engelsk) 14 (4): 399–412. doi:10.1080/17450918.2017.1406983. 
  8. Ilias Chrissochoidis, "Mrs. Cibber's oratorio salary in 1744–45", The Handel Institute Newsletter 20/1 (Spring 2009), [1–2].
  9. Phillips, Chelsea (2019). «Bodies in Play: Maternity, Repertory, and the Rival Romeo and Juliets, 1748-51.» (PDF). Theatre Survey 60 (2): 207–236. doi:10.1017/S004055741900005X – via Cambridge Core. 
  10. John A. Parkinson: "Michael Arne", Grove Music Online ed. L. Macy (Retrieved 14 January 2009), (subscription access)
  11. OpenLibrary.org. «George Keate». Open Library (på engelsk). Henta 19. oktober 2018.